Viser innlegg med etiketten Andre norske diktere - Olav H Hauge. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Andre norske diktere - Olav H Hauge. Vis alle innlegg

fredag 2. desember 2011

Du var vinden

Du var vinden


Eg er ein båt

utan vind.

Du var vinden.

Var det den leidi eg skulde?

Kven spør etter leidi 

når ein har slik vind! 



Olav H. Hauge




torsdag 21. juli 2011

Dikt

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.

Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.

- Olav H Hauge




mandag 3. januar 2011

Kirsebærtreet

Det stend eit tre i hagen
og sprikjer i vårkalde dagen
med skinande nysnjo-grein.
Det duskar mot stoveglaset
og drys over fjordgamle graset
blomane ein for ein.

Og det er kirsebærtreet
innafor hageleet
som blømar i tidleg vår.
Mot gråe kytjeveggen
luter det krokne leggen
og signar oss atter eit år.

Tusund angande blomar
brusar um tak og plomar;
heilagt og kvitt og stilt
skin det i døkke næter
og freden i tunet gjæter
-ei jartegn på vår og mildt.

Det speglar seg bljugt i strondi,
og minner um austerlondi,
um japanske hagar og dikt.
Det tøygjer toppen i tråe
mot alle snjofjell blåe
til vår i kulde vigt.

Olav H. Hauge, frå diktsamlinga Glør i oska (1946)