Viser innlegg med etiketten Diktere fra Hedmark - Fra Sveen til Skjæraasen - Halldis Moren Vesaas. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Diktere fra Hedmark - Fra Sveen til Skjæraasen - Halldis Moren Vesaas. Vis alle innlegg

mandag 22. august 2011

Altar


Altar


Her er eit helga altar
for alle som ønskjer be.
Mange har søkt inntil det
og tagale bøygt sitt kne.
Vi òg kjem framåt med hjartet fullt
og snur oss den same lei.
Vi vil berre ønske for alle som ber:
Å Gud, ver til for dei!
Dei må ikke tru på deg fåfengt.
Gjev deira voner held.

Gjev dei må finne dei kjære som kvarv
i dødens djupe kveld.
Gjev han er til, den freden
dei vonar å nå til slutt,
femnast av den må alle dei
som bad om det sårt og trutt.
Ja det må vere ei open dør
for alle som heim vil snu!
Hjartet er fullt av bønn i kveld
for alle menneskes tru!

mandag 25. oktober 2010

Ord over ei grind

Halldis Moren Vesaas er representert ved et dikt om å ha frihet sammen med den man elsker, viktige ord for at kjærligheten skal vare:

ORD OVER EI GRIND (Halldis Moren Vesaas).


Du går fram til mi inste grind
Og eg går fram til di
Innanfor den er kvar av oss einsam
Og det skal vi alltid bli



Aldri trenge seg lenger fram
Var lova som gjaldt oss to
Anten vi møttes tidt eller sjeldan
Var møtet tillit og ro



Står du der ikkje ein dag eg kjem
Fell det meg lett å snu
Når eg har stått litt og sett mot huset
Og tenkt på at der bor du



Så lenge eg veit du vil koma i blant
Som no over knastrande grus
Og smile glad når du ser meg stå her
Skal eg ha ein heim i mitt hus