torsdag 7. april 2011

Til

Til ?
Hjartet mitt fylt av deg,
hugen min trylt av deg,
i meg du er.
Trøytt under dagsens bør,
sveipt under draumeslør:
du er meg nær.
Opn dine augo att!
Blå som ei månenatt
ser eg dei no.
Dogga av draum dei er
sloknande stjerner der
stilt går til ro.
Sansevill brenner eg,
håret ditt kjenner eg
mjukt mot mitt kinn,
viljen din bøyer seg,
munnen din tøyer seg
tyrst imot min.
Evige undermakt,
alt er deg underlagt,
dagen din renn.
Eld, du som nærer oss,
eld, du som tærer oss,
brenn!
Jakob Sande

1 kommentar: