Han tek ikkje glansen av livet |
1. |
Han tek ikkje glansen av livet, |
den frelsar som kallar på deg. |
Først då kan for alvor du leva |
når han får deg fylgja på veg. |
2. |
Du høyrer dei dårande røyster, |
som lovar deg gullglim og glans. |
Men ingen legg lys over vegen, |
som Jesus og kjærleiken hans |
3. |
Han hjelper i brattaste bakkar, |
og stør deg når vegen blir smal. |
Han signar dei sollyse sletter, |
og lyser i dødsskuggens dal. |
4. |
Han fører deg frelst over fjorden, |
heilt fram til den himmelske strand. |
Når døden sin brottsjø du møter, |
vil Jesus dra båten i land. |
5. |
Han tek ikkje glansen av livet, |
han gyller din morgen og kveld. |
Og opnar ei dør til dei salar, |
der æveleg høgtid du held |
fredag 23. september 2011
Han tek ikkje glansen av livet
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar