onsdag 30. november 2011

Stjerna

Eg veit om ei einsleg stjerne
eg kanskje kan kalla mi -
Ho skin over mørke vegar
og stengsler eg må forbi
Ho lyser på alt eg trudde
var vanskeleg å forstå -
Ho viser meg sidevegar
eg helst ikkje burde gå.

Om lagnaden ber meg finne
ein ny og ein ukjend veg
Så veit eg at denne stjerna
vil følgja meg - steg for steg
Men spør du om eg vil dele
av gledene som eg får
Vil svaret mitt bli at stjerna
ho er ikkje MI, men vår ♥

© rigmor navekvien



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar