lørdag 16. mars 2013

Rit di rune



Du skal kveikja lykta di og søkja
tunge lemmar lyfta, vindetrapper gå
under låge bjelkar ryggen krøkja
under høge kvelvar oppreist stå
ifrå løynde gangar tårnet nå

Du skal tyde runer som er rita
vart du fingrar over muren dreg
Mykje veit du, meir ska du vita
Her har vismenn vandra føre deg
Her skal andre følgja dine steg

Legg dit øyra inn til desse vegger
høyr den tale som stig herifrå
klokkeklemt og tunge slag av slegger
Vandrar, lyfta lykta di og sjå
Rit di rune under sjølv, og gå

Aslaug Låstad Lygre
Bilde: RIT DI RUNE

Rit di rune

Du skal kveikja lykta di og søkja
tunge lemmar lyfta, vindetrapper gå
under låge bjelkar ryggen krøkja
under høge kvelvar oppreist stå
ifrå løynde gangar tårnet nå

Du skal tyde runer som er rita
vart du fingrar over muren dreg
Mykje veit du, meir ska du vita
Her har vismenn vandra føre deg
Her skal andre følgja dine steg

Legg dit øyra inn til desse vegger
høyr den tale som stig herifrå
klokkeklemt og tunge slag av slegger
Vandrar, lyfta lykta di og sjå
Rit di rune under sjølv, og gå

Aslaug Låstad Lygre