søndag 19. desember 2010

Hymne til havet

Hymne til havet

Hav, du som fredlaust klagar
ved natt under stormsvart sky,
der du vilt i ditt velde jagar
fram mot ukjende morgongry:
Du har gitt meg den ville dragnad
mot den draum du min ungdom gav,
eg er eitt med din tunge lagnad,
du det evige, store hav.

Hav, du som solblått smiler,
i drøymande, stille fred,
der mot kveld i deg sjølv du kviler,
medan sola i vest går ned:
Du har synt meg dei ljose strender,
som ein gong gjennom blånar stig,
når den siste seilasen ender,
og når segla i kveldsol sig.

Eg jublar mot morgonròden,
då når sola i gryet skjelv,
og stig op or den gyllne fròden
som ei jomfru or livsens elv.
Og dei havsalte gufs eg kjenner,
strøyme mot meg i djupe drag,
til eg livsglødd i lengting brenner
mot den vaknande, nye dag.

Men når himlar i havet logar
lik ein eldsjø i solarglad,
stig det solslott med spir og bogar
frå min barndoms den sikne stad.
Og eg stirer mot himmelranda,
der den sloknande, siste glod
ber meg bod frå dei tapte landa,
der som barn eg i draumar stod.

Du var nær meg i tunge stunder
og din song i mi sjel meg gav.
Han er myrk, men med vemod under,
som du sjølv, du fortapte hav.
Og eingong når min livsdag hallar,
skal eg vente med song i sinn,
til i storsjø og storm du kallar
til din evige fred meg inn.

-Jakob Sande-


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar