mandag 11. juli 2011

Fagert er landet

Fagert er landet du oss gav, Herre vår Gud og vår Fader.
Fagert det stig av blåe hav. Soli ho sprett og ho glader.
Signar vårt land i nord og sud, soleis di åsyn lyser Gud,
yver vårt Noreg i nåde.

Tidi ho renn som elv mot os. Fort skifter sumar til vetter.
Fader ver alltid Noregs los, radt til dei seinaste ætter.
Herre vår Gud, vår Noregs Gud, varda vårt land frå fjell til flud.
Lær oss å gå dine vegar.

Signa då Gud vårt folk og land. Signa vårt strev og vår møda.
Signa kvar ærlig arbeidshand, signa vår aker med grøde.
Gud utan deg den vesle urt, veiknar og visnar, bleiknar burt.
Ver du oss ljoset og livet.

Anders Hovden

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar