mandag 4. november 2013

På draumegras

Eg ligg på draumegras i avferdsange
frå alt ei frostnatt femnde mellom fjell.
I siste skøyre seinhausttimen er det mange
som helsar livet med eit stilt farvel.

Du vilje som var med da isen slipa
si strenge rune i det mørke land,
du sveiper inn i sky den siste haustsolstripa
og knuser gleda med ei knokut hand.

Du frøyser blomeblod til småe stjerner,
 du svarte lagnad, - slikt skal evig skje.
Du strålar kulde inn i alle strå og kjerner
og døyver verk i sår på gamle tre.

Det lyser gulna lauv som glør i graset.
Det doggast over livsens svik og svir.
Mot himmelranda logar fjell i haustekstase.
Det blånar frost og død frå det som blir -

Eg ligg på draumegras og ser dei mørke dagar
i sprang for livet mot ein mektig vår.
Eg høyrer sevjesus ein stad og ser det svagar
ei blomegrein der guden går og går -

Tor Jonsson

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar