onsdag 6. april 2011

Skogvatnet - Trygve Bjerkreim

Ved desse stille strender
det låg i tusund år.
Det såg kor lauvet gulna
om haust, og spratt om vår.
Det høyrde fuglekoret
frå nykledd, fager skog.
Om hausten tungt det sukka
når flyttfugl-flokken drog.

Dei klåre, blåe bylgjor,
dei glir so lett mot land,
dei klunkar og dei klukkar
i solglitr mot si strand.
So stilnar alle båror,
og logn ligg sjøen då,
so løyndomsfull og blikstill,
so blank og blyg og blå.

Og bjøllor læt i lii, −
det er so kjær ein klang, −
og gjætarguten haukar
og syng all dagen lang
kjem du ved kveld, ved gry,
um natti når det demrar
so smått mot dagen ny.

Mot jonsok-bel det lider.
Då bjøllor atter læt,
med fuglelåt seg blandar,
so vent at hjarta græt.
Det sumar vert i skogen;
då mognar alle bær.
Ein juli-dag ved vatnet,
ånei, kor gildt det er.

Du ligg der like fager
som i dei tusund år.
Og store skogar kringom
so kyrkjestille står.
No lever du i minnet;
i tanken tidt eg dreg
inn i den store stilla,
og fær eit syn av deg.

Du stille sjø, ei perla
som eg i skogen fann.
Og tusund slike perlor
ligg løynde i vårt land.
Ein gong vår Gud dykk skapte;
eit vitnemål de er
om Herrens rike tankar
med denne fagre verd. − −



1 kommentar: