onsdag 13. april 2011

Vaken og ventande

Det er vår, og vårdiktet som rager over alle andre er etter min mening dette, en beskrivelse av vårens krefter i naturen som et bilde på det vi selv kjenner når våren bryter løs og Kong Vinter må slippe taket:

Vaken og ventande veit eg med eitt
at våren har endeleg vekt meg!
- Det eimar av grassvorden grortungt og heitt
i solbakken her eg har strekt meg,
det lavar av lauv på ei vårgrøn grein
som dirrar i stråledryset.
- Så ligg eg her vaken - naken og rein
på lekam og sjæl - i lyset!

Ligg her og ventar og veit at det skjer
eit under, at timen er inne.
Eg stirer mot dagen og ser og ser
på alt det som møter mitt minne.
På alle dei vokstrar der safter tyt
frå rota til ytste bladet,
på berget og bakken der krafter bryt
mot brusande vårdagsbadet.

Vårdagen - villande vårdagen lær
imot meg frå alt som eg kjenner!
Han femner meg fast - og han tek meg og bèr
på sterke, ustyrlege hender.
- Eg legg meg innåt han, eg kjenner meg all
så viljug til eitt å gjera:
gjeve meg lykkeleg livet i vald -
livet og vårdagsferda!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar