fredag 23. september 2011

Langt inn på vilde heii

Langt inn på ville heidi, i kalde ver og vind
der gjekk den ville sauen, visste ikkje ut hell inn.
Han gjekk og dreiv og sveiv der, åleine att og fram
og storm og uver rasa, og lite mat han fann.

Men hyrdingen han sakna den sau som burte var
og ut på leiting for han i fjell og berg og skard.
Tilsist so fann han sauen, forkomen trøytt og arm
og la den uppå herdi, med kjaerleik mild og varm.

Og no var sauen frelst ifrå kulde, naud, og natt
Og hyrdingen han gledde, fordi han fann han att
og kalla samman venner og gledde seg ilag
fordi den ville sauen ha' kome heim idag.

Ja eg var denne sauen som gjekk på ville veg
og Jesus var den hyrding(en) som leita etter meg.
Han frelste meg frå syndi og gav meg hjartefred
og difor vil eg lova han i tid og evighet.

I himlen vert og gleda når ein syndar vender um
frå denne ville vegen, som er så myrk og skum,
Høyr hyrdindrøysti kallar, kom heim frå ville veg.
So vert du frelst frå syndi, som ned i myrkret dreg.


http://www.youtube.com/watch?v=ETpNoIo_Bf0

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar