lørdag 18. mai 2013

Det å kjenne at ein lever

Det å kjenne at ein lever,
det å røyne ein er til,
er som venger når ein svever
og som lodd i sorg og tvil.
Mange kjære er så fjerne,
men så nære i mitt sinn,
liksom stjerne etter stjerne
kjem i himmelhugen inn.

Det som stundom berre stråla
kjem til vemod attom slør.
Ja, å leva må ein tola
om det lagar seg til bør.
Men å ana noko etter:
Det å vita vona her,
er som draumegode netter
og som venting på ein kjær.

Når med levetid det lakkar,
minna nynnar på ein song,
og med blenk i tåre takkar
for kvar lukkegode gong.
Alle elska i ein tonar,
tankesett til melodi.
Lever enn i kva ein vonar
som om inkje er forbi.

Mange kjære er så fjerne,
men så nære i mitt sinn.
Liksom stjerne etter stjerne
kjem i himmelhugen inn.


Knut Buen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar