fredag 3. mai 2013

Ved fossen

Eg står på brua og ser i brådjupet.
Fossen kokar sin avgrunnseid.
Fossen sjodar i alt mitt lynde.
Men sola strålar ifrå ditt ynde,
Eg elskar fossen. Eg elskar deg.

No skin det sol over sætergrendene,
der du lokkar din bøling heim.
Berre storme og gjer deg stri, foss!
Ein lagnad skilde vel lengsla i oss.
Men elskhug lever til siste kveld.

No syng du viser, dei glade visene.
Dei er stjerner i natta mi.
Minnet målar ditt gullhårglitter.
Eg står i blåskuggen, bleik og bitter.
Det kløkk i bjøller frå alle berg.

Med sorg og skuggar kjem natta sigande.
Likgufs kjøler frå naken foss.
Band av elskhug kan aldri slitne.
Eg høyrer einkvan i mørkret vitne
at den vinn siger, som elskar mest.

Du har'kje svike, men svaret svidde meg.
Svart vert elskhug i einsemdnatt.
Enno skimrar eit ljos i hugen.
Men minnet græt gjennom heile skogen.
Eg hatar fossen. Eg elskar deg.

For ein gong kljem du her glad i kveldinga,
gleda fylgjer ditt fotefar.
Skulle fossen ein liksong sjode
og sløkkje gleda i deg, du gode?
Nei, syng du, foss, om min såre elsk.

Så går eg lenger i skuggeskogane.
Fossen andar i all mi natt.
Lengt mot deg skal eg evig lida -
Du går i gullglans på andre sida
og strålar sol inn i songen min.

Tor Jonsson

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar