tirsdag 7. september 2010

Elverums beste forfatter, lyriker og bygdevisedikter

Her må jeg starte med å hedre en av de aller fineste poetene jeg kjenner til, for mange ukjent, men jeg vil prøve alt jeg kan å komme med tekster fra denne fantastiske dikteren. sånn at de kan spres til det publikum denne forfatteren fortjener å ha. Det første diktet her er en beskrivelse av Sørskogbygda i Elverum, hvor også jeg kommer fra. Men det handler samtidig om utferdstrangen, for deretter å kunne se seg tilbake og føle at hjembygda var en himmel på jorda.

Utdrag fra diktet "Til Skogbygda"


Det var som eg sveik mi gamle mor
då fyrste gong eg for ut.
Då var det den eldgamle ættarjord
som sakna sin ljose gut.

Men eg var eit av dei drøymarborn
som livet med vonbrot løner.
Slike lyt ut or faderhuset
og verta bortkomne søner.

Den som er komen utanfor
ser klårast kva heimen tyder.
Den som er framand i eige folk
veit lova han ikkje lyder.

Difor maktar eg sjå deg, Skogbygd –
reinøygd av saknad blid,
høre ditt stridande hjarteslag
og skjøne di tunge tid.

Men soleis vart eg i ungdomslandet
tidleg einsam og rædd.
Ein veks kje annleis enn andre i bygdom
utan å verta hædd.

Og difor voks det til lova i meg
dette myndige mod
å ferdas einsam der ingen gjekk
og lyde mitt eige bod.

Du lærde meg tidt, du tronge bygd
at eg var ein gjest å kalle.
Då visste du ikkje i visdommen din
at gjester så er vi alle.

Men eg laut ut i den råe verd
der røynsle gjer vona vimlen
og øyde fedrearven min der –
og vinne han att i himlen.

Ein gong skal namnet mitt lyse helg
åt kvart eit bygdebån.
Då skal du sjå med frygd i sjæl
at eg var din fyrste son.

Så signande då skal dagsens ljos
over ditt andlet skine.
Så sonande då skal aftanvinden
suse på moan dine.

Utdrag fra ’Til skogbygda’ fra 1943 av Åsmund Sveen (1910-1963)

Sørskogbygda kirke - hvor Åsmund Sveen ligger begravet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar