tirsdag 7. september 2010

Stjernesildre

Stjernesildre

Har du nokon gong
Høyrt eit venare namn
Sett ein vakrare blom

Stjernesildre

Kjenn på ordet
Som den finaste symfoni let det

Har du nokon gong
Fått sjå dette underet i naturen
Du gløymer det aldri

Første møtet

Staden, angen, fargane, formane
Som om himmelen har teke bustad
På jorda

Minna lever

Blomar spirer, veks, folder seg ut, visnar
Nokre få av dei ser du
Kan hende plukkar du ein og annan òg

Tek dei med heim
Set dei i vase og vatn, hegnar om dei
Prøver å halde liv i dei

Men minnet om møtet i fjellheimen
Slepp aldri taket i deg

Eg fekk sjå denne blomen
Som ei brur kledt i sin finaste bunad
Som ein engel mellom menneskje

Undrande og med takksemd
Fekk eg kjenne angen
Stryke vart over mjuke kinn

Ein ny vår ventar
Draumane lever

Eg fekk mi stjernesildre

H. Ward

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar