tirsdag 7. september 2010

Kunne eg berre

Kunne eg berre ein einaste gong
Kjenne angen frå nyslåtte enga
Høyre tonen frå vakraste fuglesong
Ligge lettkledt i blomstersenga

Kjenne varmen frå sola ein sommardag
Streife sjela som tunger av eld
Ein gong drøyme at vi to kan vera i lag
Om så berre ein einaste kveld

Kjenne meining med livet eg skulle gå
Kjenne smaken av varme og nærleik
For ein einaste gong før eg dreg bort her frå
Kjenne gnisten av gryande kjærleik

Gjev meg kjensle av rikdom, - å høyre til
I eit anna menneskjes tankar
Det eine eg ber om, - og aller helst vil
Før eg atter langs livsvegen vankar

Å, kunne eg berre ein einaste gong
Sjå ditt strålande smil mot meg skinne
Eg drøymer om himmelens englesong
Om dei vakraste augo eg veit, draumekvinne

Eg drøymer meg bort her eg går gjennom verda
Om minner eg har og om sjansar eg får
Kan hende ein dag gjennom kronglete ferda
At stiar kan møtes langs livsvegen vår

Eg tenkjer ein dag at livet vil gje meg
Eit svar på dei, - draumane mine
Eg sender deg kraft gjennom tankar eg gjev deg
Eg vil vere i armane dine

Å, få kjenne din kropp, - ligge tett attmed deg
Få dele med deg vakre stunder
Lat alt anna i verda få fare sin veg
Smelte saman med deg, - livsens under!

H. Ward

H. Ward

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar